Bø Pensjonistlag på tur- 7, juni 2016

Pensjonistlaget-klar-for-Krossobanen

Ja, så er endå ein vellukka sommartur unnagjort, takka vera iherdig jobbing av leiar Solveig Brekke. I alt 19 pensjonistar vart med. Turen gjekk til verdsarvstaden Rjukan denne gongen, så dette skulle bli spesielt.

Sol og blå himmel fylgde oss på turen. Alt låg tilrettes for ein alle tiders tur. Det vart ein opplevelse vi seint gløymer. Vi vil nemne: Industriarbeidarmuseet på Vemork, der vi fekk lunsj. Vi såg fleire utstillingar og filmen:» If Hitler had the bomb». Utruleg kva desse spreke sabotørane greidde å  gjennomføre.

Eventyrleg er og alt det Sam Eide greidde å skape i Rjukansamfunnet. Hadde ein ikkje sett resultata med eigne augo, kunne ein trudd det var ei eventyrfortelling.

Turen gjekk vidare i KORG opp Krossobanen til Gvepseborg, der vi fekk auremiddag på Panorama Cafe, pluss kaffi med noko innåt. Heilt topp!

Korgturen gjekk stille og roleg for seg både opp og ned. Og takk for det!

Både Solveig og busssjåføren fekk takk for ein framifrå vellukka tur.

Legg igjen en kommentar