Møte i Bø pensjonistlag – Erik Bye – mannen med det store hjertet

Bø pensjonistlag hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 6. sept., og Solveig Brekke kunne ønskje om lag 55 pensjonistar velkommen. Møtet åpna med ein fellessang, og deretter vart scenen overlaten til dei to som skulle ha programmet på møtet: Leif Blix og Lars Nygaard.
Temaet deira var ”Erik Bye – mannen med det store hjertet”. Vi fekk høyra glimt frå Erik Bye sitt liv, og ikkje minst, mange av songane hans. Leif Blix song og fortalde, og Lars Nygaard spela trekkspel til. Dei starta med En sang er alt jeg har og Så spiller vi harmonika.
Erik Bye vart fødd i New York i 1926. Faren var operasangar og reiste mykje rundt i USA. Men i 1932 flytta familien attende til Oslo, og etter ei stund byrja faren å drive pensjonat på Nordstrand.
Erik Bye hadde god kontakt med fleire diktarar som på den tid var lite kjente, mellom andre Einar Skjæraasen, Hans Børli og Alf Prøysen. Han laga – eller fekk andre til å laga – melodiar til mange av dikta deira, m.a. Vandringsvise, Tømmer-koievise og Jørgen Hattemaker. På den måten gjorde han dei meir kjent. Vi fekk ei flott framføring av ein del av desse visene.
Erik Bye engasjerte seg i mange ting: Fjernsynsprogrammet Vi går om bord, fjernsynsaksjonar, krigsseilarar og Redningsselskapet. Han gav også ut ei bok som vart selt i store opplag, Munnspill under åpen himmel.
Leif Blix og Lars Nygaard samarbeidde svært godt, og framføringane deira var veldig gode. Vi fekk høyre både Skomværvalsen, Anna Lovinda, Vår beste dag og Hildringstimen. Som ekstranummer fekk vi Oles vise.
Inntrykket vi sat att med var at Erik Bye var ein mann med eit stort hjarte. Han elska menneska – men også båtar!
Etter konserten smaka det godt med kaffe og julekake. Litt informasjon var det også, og utlodning.