Bø pensjonistlag – referat møte 04.10.16

Bø pensjonistlag

hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 4. okt. Om lag 30 personar møtte fram.

Turid Samset ønskte alle velkommen, og gav så ordet til Anne Grete Berge som orienterte om prosjektet ”Lyst på livet.” Prosjektet er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen i Bø, Frivilligsentralen, Bø Røde Kors og Eldrerådet. Det er nå starta opp med trim på Frivilligsentralen på onsdagar kl. 11,00 – 11,45, og kaffe etterpå i kafe Anno. Det skal også bli sett i gang ein studiesirkel der temaer er fysisk aktivitet, sosial aktivitet, mat og helse og risiko.

Foredragshaldar på møtet var pensjonert lege Halvor Langåsdalen. Han hadde mykje interessant å fortelje og byrja med å snakke litt om sin barndom. Han voks opp på ein liten veglaus gard i Hjartdal, der dei var 6 sysken. Det var små kår, men han hadde ein god og trygg barndom. Så fortalde han litt om personlegdomar – eller originalar – som han hadde møtt  og som hadde mykje livsvisdom å formidle. Som lege hadde han opplevd at alle menneske er interessante. Ein gong hadde han besøkt ein pasient. Dei hadde snakka saman, og då Langåsdalen skulle gå sa pasienten: ”Takk for at du berika meg!” Det hadde Langåsdalen aldri gløymt.

Så las han nokre dikt av Jakob Sande som viste breidden i diktinga hans, han skreiv både salmer, vare og fine dikt, og dramatiske og groteske dikt. Eksempel er salmen Det lyser i stille grender og diktet Ormeljod. Til slutt las Langåsdalen diktet Den annsame av Jan Magnus Bruheim og Å vera i livet av Halldis Moren Vesaas.

Vi vart alle berika av foredraget til Halvor Langåsdalen!

Etterpå smaka det godt med kaffe og litt å bite i. Ein god prat vart det også tid til før  utlodninga. Som vanleg vart møtet avslutta med to vers av Fagert er landet.