Bø pensjonistlag – referat frå møte 01.11.16

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 1. nov.  var ein stor flokk  pensjonistar samla til møte på Frivilligsentralen. Solveig Brekke helsa alle velkommen, og etter ein fellessong fekk formannen i Eldrerådet i Bø, Anne Løhaugen, ordet. Ho hadde nettopp vore på Eldrerådskonferansen,  ei samling for alle Eldreråda i fylket. Mange aktuelle saker vart tekne opp på konferansen, og ho refererte litt frå dei forskjellige foredraga. Emna var m.a. orientering frå Statens seniorråd, helsefremjande tiltak, aktive eldre, tannhelse for eldre.

Så fekk vi god trim ved Frank Moskar, før Per Kristian Halle viste flotte lysbilete med tema Haustfargar. Før bileta orienterte han litt om fargane på trea, og kvifor lauvet på trea blir gult og raudt. Vi veit ikkje kvifor lauvet blir raudt, men kjølege, fine dagar gjev mest farge. – I USA er det 70 ulike sorter eik, i Europa berre 3. I Nord-Amerika, på grensa til Canada, er haustfargane på trea ein stor turistattraksjon. Det same er tilfelle i Canada og i Japan. I Norge har ca 10% av trea haustfargar, i USA ca 70%. – Per Kristian Halle hadde ein fantastisk fin lysbiletserie, med mykje flotte haustfargar. Det var også musikk til bileta.

Etterpå smaka det godt med kaffe og julekake. Solveig Brekke hadde vore på Reiselivsmesse i Skien, og la fram forslag til turar. Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med to vers av Fagert er landet.