Møte i Bø pensjonistlag

Bø pensjonistlag

hadde årsmøte på Frivilligsentralen tysdag 7. febr. Om lag 25 pensjonistar møtte.    Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med ein sang. Frank Moskar las opp namna på dei 6 medlemmene våre som gjekk bort i 2016, og vi mintest dei stilt med takk.

Solveig Brekke vart valt til å leie årsmøtet og Berit Sørbø til referent. Turid Samset las opp årsmeldinga. Laget har no 103 medlemmer. I 2016 hadde vi 9 møte, i tillegg vart det arrangert tur til Rjukan i juni.  Årsmeldinga vart godkjent. Rekneskapet vart lese opp av vår dyktige kasserar, Per Kristian Halle. Rekneskapet viste eit lite underskot.  Budsjett for 2017 vart lagt fram, og både rekneskap og  budsjett vart godkjent. Den lokale kontingenten for 2018 vart vedteken å vere kr. 80, same beløp som i år.

Val: Borghild Mæland la fram valnemnda sitt framlegg: Leiar: Solveig Brekke. Elles i styret: Turid Samset, Per Kristian Halle, Inger Roe og Berit Sørbø. Vara: Bjarne Alvestad og Borghild Mæland. Matkomite: Gunvor Fossheim, Berit Schjerva, Kristine Bakken, Ada Moskar og Inger Sofie Kielland. Valnemnd: Borghild Mæland og Gunvor Fossheim. Revisor: Borghild Mæland. Framlegget vart vedtatt.

Etter årsmøtet smaka det godt med karbonadesmørbrød og nydeleg bløtkake som Solveig hadde baka. Tore Bjørn Pettersen fekk ordet og orienterte om sosiale medier. På sosiale medier lagar ein innhaldet sjølv. Nettbrett kan brukast til mange ting, m.a. ha kontakt med andre på Facebook, lese aviser og bøker, og mykje anna. – Bø Røde Kors har starta eit pilotprosjekt der ein skal gi opplæring i bruk av nettbrett og smarttelefon til aldersgruppa 60+. Det har vore stor interesse for dette, og kurset er i full gang.

Ein god prat vart det også tid til før utlodninga.  Som vanleg vart møtet avslutta med to vers av Fagert er landet.

 

Ref. B.S.