Møte i Bø Pensjonistlag 07.03.17

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 7. mars var om lag 30 personar samla til møte på Frivilligsentralen. Formannen, Solveig Brekke, helsa alle velkommen, og etter ein fellessong las ho eit dikt av Rolf Egil Johnsen – ”Det er så fint å leve”. Etter ein ny fellessong fekk Frank Moskar ordet.

Emnet hans var å fortelje frå krigen i Oslo. Noreg var lite førebudde på krig, vi trudde vi skulle vere nøytrale slik vi var under forrige krig. Flyalarmen gjekk natt til 9. april. Det tyske skipet Blucher med om lag 2500 mann om bord vart skote i senk frå Oscarsborg, og ca halvparten av dei som var ombord omkom. Fleire tyske skip følgde etter, men dei snudde då dei såg kva som hende. Denne forsinkelsen gjorde at kongefamilien klarte å flykte. Etter ei stund reiste kongen og kronprinsen til England, og dronninga og borna reiste til Sverige og vidare til USA.

Frank Moskar var 5 år då krigen starta. Han hugsa kva som hende 10. april. Då gjekk det rykter om at Oslo skulle bli bomba av engelskmennene, og alle som kunne reiste ut av byen. Far til Frank hadde lastebil, og familien reiste til Hakadal, der dei var 2-3 dagar  Så kom det påbud om at alle vare- og lastebilar skulle leverast inn, med sjåfør. For å sleppa å arbeida for tyskarane, leverte mora nøkkelen til bilen og sa at mannen var sjuk. Det var påbudt å bruke blendingsgardiner, derfor var det veldig mørkt om kveldane. Når flyalarmen gjekk måtte ein gå i kjellaren. Det vart etter kvart vanskeleg å få tak i mat, og derfor vart poteter veldig viktig. Mange dyrka poteter sjølv. Det vart vanskeleg å få tak i nye klede, skotøy var også eit problem, så ein reparerte og brukte det ein hadde så lenge som mogleg. Sagt med få ord var det vareknapphet, mørke, restriksjonar og savn!  Mange hadde sine kjære ute og høyrde lite eller ingenting frå dei. – 7. mai 1945 overgav tyskarane seg utan betingelsar. 8. mai var det norske flagg over alt. Blendingsgardiner vart samla inn og brent, og ein song alle dei norske songane som var forbudte! Om kvelden kom lyset, det var gatelys over alt!

Så var det tid for kaffe og julekake – og ein god prat. Solveig Brekke kom med framlegg til to dagsturar, anten til Larvik og Sandefjord eller til Tønsberg og Tjøme. Er det interesse for tur, kjem vi attende til dette seinare.  Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med 2 vers av Fagert er landet.

Ref. BS