Møte i Bø pensjonistlag 03.10.17

Bø pensjonistlag hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 3. okt., og mange forventningsfulle pensjonistar hadde møtt fram. Solveig Brekke helsa alle velkommen, og etter eit par fellessangar fekk Ulf Vege ordet.

Emnet hans var orkidear. Han kåserte samtidig som han viste mange veldig flotte lysbilete av blomane.  Det finst mange tusen forskjellige orkidear i alle fargar, i Noreg er det ca 30 arter. For å vekse og trivast må orkideane ha kalkhaldig jord. Når dei blømer forandrar dei seg heile tida, frå liten knopp til fullt utsprungen blome. – I Jamtland i Sverige er det veldig mange orkidear, dei veks på myrar og vått lende.

Marisko er den vanlegaste orkideen her i landet. Marihånd finst i mange fargar og variantar, t.d. søstermarihånd og flekkmarihånd. Søstermarihånd er fylkesblomen for Telemark. Den finn vi også her i Bø, i Brekkegrenda. Andre orkidear finst også her, men mange av dei er små planter og derfor vanskelege å finne. Nattfiol er ein av dei, blomen duftar godt og sterkt om natta.

Etter foredraget smaka det godt med kaffe! Til slutt var det utlodning, og møtet vart avslutta med to vers av Fagert er landet.

Ref. BS

Thank you for your upload