Bø pensjonistlag
hadde årsmøte på Frivilligsentralen tysdag 6. febr. Ein stor flokk pensjonistar møtte. Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med ein sang. Tone Sæther hadde ord for dagen, ho las eit dikt av Sigrid Torgrimsen som heitte ”Å vera tru.” Frank Moskar las opp namna på medlemmene våre som gjekk bort i 2017, og vi mintest dei stilt med takk.