Bø pensjonistlag – årsmøte

Bø pensjonistlag

hadde årsmøte på Frivilligsentralen tysdag 6. febr. Ein  stor flokk  pensjonistar møtte.  Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med ein sang. Tone Sæther hadde ord for dagen, ho las eit dikt av Sigrid Torgrimsen som heitte ”Å vera tru.” Frank Moskar las opp namna på medlemmene våre som gjekk bort i 2017, og vi mintest dei stilt med takk.

Les meir

Møte i Bø pensjonistlag 03.10.17

Bø pensjonistlag hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 3. okt., og mange forventningsfulle pensjonistar hadde møtt fram. Solveig Brekke helsa alle velkommen, og etter eit par fellessangar fekk Ulf Vege ordet.

Emnet hans var orkidear. Han kåserte samtidig som han viste mange veldig flotte lysbilete av blomane.  Det finst mange tusen forskjellige orkidear i alle fargar, i Noreg er det ca 30 arter. For å vekse og trivast må orkideane ha kalkhaldig jord. Når dei blømer forandrar dei seg heile tida, frå liten knopp til fullt utsprungen blome. – I Jamtland i Sverige er det veldig mange orkidear, dei veks på myrar og vått lende.

Les meir

Møte i Bø pensjonistlag

Bø pensjonistlag

hadde første møte etter ferien på Frivilligsentralen tydag 5. sept. Ein stor flokk pensjonistar hadde møtt fram. Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med å synge Tytebæret oppå tuva. Tone Sæther hadde ord for dagen, ho las eit haustdikt ho kalla Mogning.

Etter ein fellessang til fekk Ivar Solbu ordet, emnet hans var Estland. Sauherad menighet har i mange år hatt ei vennskapsmenighet i Viljandi i Estland, og Ivar Solbu  har vore der mange gonger. Nå viste han lysbilete og fortalde om Hansadagane i 2015, som dette året var i Viljandi.

Les meir

Møte i Bø Pensjonistlag 07.03.17

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 7. mars var om lag 30 personar samla til møte på Frivilligsentralen. Formannen, Solveig Brekke, helsa alle velkommen, og etter ein fellessong las ho eit dikt av Rolf Egil Johnsen – ”Det er så fint å leve”. Etter ein ny fellessong fekk Frank Moskar ordet.

Emnet hans var å fortelje frå krigen i Oslo. Noreg var lite førebudde på krig, vi trudde vi skulle vere nøytrale slik vi var under forrige krig. Flyalarmen gjekk natt til 9. april. Det tyske skipet Blucher med om lag 2500 mann om bord vart skote i senk frå Oscarsborg, og ca halvparten av dei som var ombord omkom. Fleire tyske skip følgde etter, men dei snudde då dei såg kva som hende. Denne forsinkelsen gjorde at kongefamilien klarte å flykte. Etter ei stund reiste kongen og kronprinsen til England, og dronninga og borna reiste til Sverige og vidare til USA.

Les meir

Møte i Bø pensjonistlag

Bø pensjonistlag

hadde årsmøte på Frivilligsentralen tysdag 7. febr. Om lag 25 pensjonistar møtte.    Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med ein sang. Frank Moskar las opp namna på dei 6 medlemmene våre som gjekk bort i 2016, og vi mintest dei stilt med takk.

Solveig Brekke vart valt til å leie årsmøtet og Berit Sørbø til referent. Turid Samset las opp årsmeldinga. Laget har no 103 medlemmer. I 2016 hadde vi 9 møte, i tillegg vart det arrangert tur til Rjukan i juni.  Årsmeldinga vart godkjent. Rekneskapet vart lese opp av vår dyktige kasserar, Per Kristian Halle. Rekneskapet viste eit lite underskot.  Budsjett for 2017 vart lagt fram, og både rekneskap og  budsjett vart godkjent. Den lokale kontingenten for 2018 vart vedteken å vere kr. 80, same beløp som i år.

Les meir

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 10. jan. hadde Bø pensjonistlag møte på Frivilligsentralen.  Sjølv om det regna og vegane var svært glatte var det ein stor flokk som møtte fram. Formannen, Solveig Brekke, helsa alle velkommen og godt nytt år. Etter eit par fellessongar var det god trim ved Frank Moskar.

Så kunne Ulf Vege få ordet. Han viste lysbilete og fortalde om urfolk i det sørlege Afrika. Han hadde vore i Botswana, i Kalahari-området. Der lever Sanfolket, dei som tidlegare vart kalla buskmenn. Dette er ei spesiell folkegruppe, som også vert kalla kobbermenneske fordi dei er mykje lysare i huda enn andre folkegrupper i Afrika. Sanfolket har sett mange spor etter seg ved fargeteikningar på berga i området. Vi fekk sjå mange eksempel på det. Det var særleg bilete av mange slag dyr dei hadde teikna. Sanfolket er svært fattige, m.a lagar dei smykke av strutse-eggeskall og sel desse for å livberge seg. Dei bur i små stråhytter. Folket er ikkje organisert med kongar eller andre leiarar, dei lever saman i familiegrupper.

– Så var det tid for kaffe og julekake – som smaka godt. Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med 2 vers av Fagert er landet.

 

Thank you for your upload