«Lyst på livet» invitasjon

Måndag 4. november 2019 kl. 11.00 – 13.00 inviterer vi tidlegare kursdeltakarar i «Lyst på livet» til samling på Bø Frivilligsentral.

Per Ingvar Haukeland vil holde foredrag med tittelen: Se alltid lyst på livet … et livsfilosofisk skråblikk på Arne Næss og alderdommen

Vi ønsker at du tar med ein eller fleire som du kjenner og som du trur har lyst til å bli med på eit nytt kurs i «Lyst på livet»

Program:
Foredrag av Per Ingvar Haukeland
Vi serverer formiddagsmat
Orientering om “lyst livet”

Nytt kurs «Lyst på livet» begynner i januar 2020.
Hilsen Anne Grete Berge og Anne Løhaugen
Påmeldingfrist er 30. oktober       

Lyst på livet – livskafé – der nye muligheter kan vokse fram

Referat frå arbeidet så langt.

Vi er ei gruppe på åtte som har starta opp Lyst på livet. Vi er to sirkelleiarar Anne Grete Berge og Anne Løhaugen. Sirkelleiarane er en del av gruppa. Til nå har vi hatt tre møter. Vi har møte siste tysdag i månaden frå kl. 11.00 – 13.00. Første møtet var å bli kjent og lage rammer for korleis vi ville ha det.

Andre møtet var ved brannvesenet, to dyktige formidlarar frå etaten ga nyttig informasjon om korleis ein kan trygge seg i heimen, og kva ein må gjere om uhellet er ute. Nyttig og god formidling var den unisone meininga etterpå.

Tredje møtet var nå nyleg, 31. januar, da hadde vi besøk av ein apotekar. Temaet var trygge medisinar. Mange spørsmål kom fram. Godt å ha fagfolk til å gje svar. Alle var aktive med  spørsmål, og vi gjekk klokare heim.

På fjerde møtet som blir siste tysdag i februar skal vi ha om god og næringsrik mat. Då tar vi turen til Nordagutu til den avdelinga som arbeider med mat og matvaner, og får vite om korleis ein kan legge opp kosthaldet. Kanskje ein ikkje orker så mykje mat, men desto viktigare er det at det ein et inneheld dei næringsstoffa ein treng.

Andre tema som kjem seinare er fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og eventuelle andre område ein vil ha meir kjennskap til.

Vi har planar om å starte ei gruppe til i vår. Deltakarane har sagt meir enn ein gong at dette er bra, dette burde mange fleire få oppleve.

Anne Løhaugen