200.000,- i gåve til Bø sjukeheim!

gaveBø sjukeheim, somatisk og skjerma avdeling fekk 08. juni 2016 ei stor gåve frå Nasjonalforeninga for folkehelse, Bø og Oterholt helselag. Gåva var på kr 100.000,- til kvar avdeling.

Desse pengane er øremerka, og skjerma avdeling skal bruke dei til sansehagen. Sjukeavdelinga skal bruke pengane til hjelpemidlar. Dette er ei stor og flott gåve som sjukeheimen set stor pris på, og det er mange som vil få glede av desse pengane.