Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Midt-Telemark seniorlæring – Oppdatering av klimasituasjonen globalt og i Noreg

19 mars 11:00 - 13:00

I føredraget blir temperaturutviklinga globalt og i Noreg teke opp, og drivhuseffekten. Kva er mest sannsynleg menneskeskapt, og kva er naturlege svingingar? Havnivåstigning er eit anna sentralt tema. Kva for klima og konsekvensar vi kan vente oss i framtida?

Ei kort oversikt over ulike klimaavtaler vert presentera. Kva for utfordringar Noreg vil få i denne samanhengen?
Elles blir det omtale av ulike tiltak for å redusere utsleppa av drivhusgassar.

Om foredragshaldaren:

Arne Myhre er frå Bø. Han har undervist i den vidaregåande skulen og på Høgskolen i Telemark, mellom anna i matematikk, klima , energi og miljø.
Arne Myhre har også drive med klimaforsking, og har skrive boka «Klima, energi og miljø». Han blei pensjonert frå førstelektorstillinga i 2015, men har undervist som timelærar heilt fram til våren 2017.

Detaljer

Dato:
19 mars
Tid
11:00 - 13:00

Arrangør

Midt-Telemark Seniorlæring
Epost:
ho-sauar@online.no
Hjemmeside:
http://midt-telemark-seniorlaering.net/index.html

Sted

Gullbring Kulturanlegg
Gullbring vei 34
Bø i Telemark, 3800 Norge
+ Google Map
Hjemmeside:
www.gullbring.no