frisklivssentralen_web

Trim på Frivilligsentralen onsdagar kl 11:00-11:45
Leia av fysioterapeut i turnus.
Tilbodet er kvar onsdag. Gratis.

Etter trimmen er alle velkomne til lunsj i Kafé Anno frå kl. 12:00-13:00. Sal av enkle smårettar og kaffi.

Trim på Bø sjukeheim tysdagar kl 14:00-15:00
Leia av idrettstudentar frå høgskulen.

”Den beste treninga er den som blir gjennomført”
Svein Ivar Forberg, frisklivskoordinator

Kontaktperson for trimtilboda: Svein Ivar Forberg, tlf.: 409 13 937, epost: svein.ivar.forberg@bo.kommune.no

Lyst
Bakgrunn
”Lyst på livet” er eit konsept der eldre arbeider systematisk i grupper med å styrke eiga helse og livsglede.

Det er eit gap mellom det folk veit om kva som skal til for å ta vare på helsa og dei vanane som dei har lagt seg til.
I ”Lyst på livet” deler deltakarane sin kunnskap og erfaring, og motiverer kvarandre til å tette gapet gjennom bruk av ein forbetringsmetode kalla Livshjulet.

Vi inviterer til «Lyst på livet» – samtalegruppe der vi fokuserer på det vi sjølv kan gjere for å ta vare på helse og livskvalitet.

Fire viktige livsområde er valt ut: Tryggleik , sosialt nettverk, mat og drikke, fysisk aktivitet.

Det er fagpersonar som innleier til dei ulike tema.
Helsedirektoratet og Pensjonistforbundet har vore med på å utarbeide programmet «Lyst på livet».

Oppstart måndag 4. september, seinare første måndag i månaden.
Tidspunkt: kl. 11.00 – 13.30.
Stad: Bø frivilligsentral.

Har du lyst til å vere med, eller vil du vite meir, tek du kontakt med:
Anne Grete Berge, telefon 959 70 705 eller Anne Løhaugen, telefon 952 68 496.

Velkommen på Onsdagskafékafe_anno

Kvar 14 dag på i veker med partall er det kafetilbud frå kl 11.45  Kafé Anno, Bø Frivilligsentral.

Det er frivillige frå Bø Røde Kors som ønsker deg velkommen til ein hyggeleg kaffiprat. I forkant av kafeen, er det trim i den gamle kinosalen frå kl.11.00.

Dette er plassen for alle som ønsker ein alternativ møtestad der det alltid er nokon som du kan ta ein prat med.

Kontaktperson for Onsdagskaféen: Anne Grete Berge, tlf.: 959 70 705

Har du lyst på ein sykkeltur?

Det er godt å få litt vind i håret!

Bø Frivilligsentral har elektriske Rickshaw-syklar som kan frakte to eldre personar om gongen. Ein frivillig sykkelpilot tek deg trygt rundt i nærområdet. Syklene står parkert ved sjukeheimen. Vi treng fleire frivillige som kan sykle.

Kunne du tenke deg å bli sykkelpilot?
Tilbodet gjelder også for deg som vil gjere ein hyggeleg aktivitet for dei eldre. Det kan vere at du er pårørande til nokon på sjukeheimen og vil ta ein sykkeltur.

Opplev Evjudalen frå sykkelsetet!
Les meir om sykkelaktiviteten: http://syklingutenalder.com/

Kontaktperson for sykkelprosjektet: Elisabeth Haugen, Bø Frivilligsentral, tlf.: 35 93 32 00