Oterholt Helselag

nff_hovedlogo_2013_rgbNasjonalforeningen Oterholt helselag har heilt sidan oppstart i 1922 jobba med tiltak for å betre helse og trivsel i nærmiljøet, for både ung og gammal. Dette er oppgåver laget fortsatt jobbar med og som det stadig visar seg å være behov for.
Møta våre har me kl. 19.00 den andre tysdagen i månaden, på klubbhuset til Bø Fiskelag ved Oterholtfossen. Me planlegg aktivitetar, går igjennom innkomen post, serverer kaffe og kaker og har ein liten utlodning. Mottoet vårt er at helselagsarbeidet skal vera ein hobby.
Me er ca. 120 medlemmar, men i likhet med mange andre lag og foreningar, er me avhengige av «freskt blod» (les fleire aktive medlemmar).
Alle er hjartleg velkomne som medlemmar i laget. Dess fleire me blir, dess meir kan me få utretta.
Medlemskap i Nasjonalforeningens helselag kostar kr. 350,- i året, og 30% blir refundert til ditt lokale lag.
Kontakt ein av oss i styret, så hjelper me deg med innmelding. Da blir du automatisk medlem i ditt lokale helselag og du får medlemsbladet «Hjerte og hjerne» tilsendt fire gonger i året.

Kontaktpersoner i Oterholt helselag:
Leiar: Gro Tjønnås, tlf: 905 56 606
Epost: gro.tjonnaas@gmail.com
Nestleiar: Margit Lahus, tlf: 906 18 700
Sekretær: Åse Aaland, tlf: 993 98 147
Kasserer: Anne Bjørg Listog, tlf: 35 95 03 72
Styremedlem: Gunbjørg M. Haugestaul, tlf: 467 94 051

KVA DRIV ME MED?

  • Me har medlemsmøte andre tysdagen i månaden.
  • Me driv frisørsalonen på Bø sjukeheim.
  • Me har rusleturar kvar mandag i sommarhalvåret (april t.o.m. september)
  • Me har ein stor haustbasar.
  • Me støttar demensaksjonen.
  • Me støttar hj erteaksjonen.
  • Me støttar tuberkulosearbeidet i Noreg.
  • Me har Folkesti langs Bø elva, -saman med Bø helselag og Bø turlag.
  • Me støttar og barnehagar og barne- og ungdomsskulen i form av pengegåver (til for eksempel leikeapparat og turar)
  • Me gjev ellers gåver og støttar økonomisk både barn, unge og eldre i kommunen vår.

Er du interessert, -har nye idear, -litt tid til overs og lyst til å gjera noko for nærmiljøet ditt er du hjarteleg velkommen på møta våre.

Din helse – vår hjertesak!
Nasjonalforeningen for folkehelsen er en frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeninger over hele landet.

Vårt mål er å bekjempe hjerte- og karsykdommer og demens. Det gjør vi med forskning, informasjon, forebyggende tiltak og helsepolitisk arbeid. Nasjonalforeningen for folkehelsen er interesseorganisasjon for personer med demens og deres pårørende.
Vår innsats finansieres med innsamlede midler og gaver.

www.nasjonalforeningen.no