Tysdag 6.des kom vi alle inn til ein fantastisk pynta sal på Bø Frivilligsentral: To langbord med raude dukar, kvite lys og planter m.m, alt stelt i stand av Ada Moskar. 45 personar hadde bestilt god julemat og fest, og det vart det! Leiaren vår, Solveig Brekke, i raud kjole og nisselue, let oss åpne med å synge : Det lyser i stille grender, og då var vi klar for varm julemat frå Årnes. Etter mat og god prat var songarane våre frå Melum,Klara Hansen og Torbjørn Steinhaug, på plass. Han spelte trekkspel og ho song solo, men dei song også mykje saman. Eige lydanlegg hadde dei rigga til. Det var ei stor oppleving å høyra dei to. Det vart mange songar frå vårt fylke, frå vår barndom og sjølvsagt aller mest ulike julesongar, f.eks Trygve Hoff sin kjende song frå “Jula der nord”. – Så vart det kaffi og småkaker, det høyrer med. Tone Sæter greip ordet og takka for ein så fin fest. Ei fruktkorg som vi alle fekk lodd på, vart trekt. Den vart så fortent vunne av Solveig Brekke.Så avslutta songarane med “Julenatt i Narjord”,siste lina var:”Stjerna viser veien hjem ,til vårt hjertes Betlehem”.Leiaren vår minna om neste møte som blir andre tysdag i januar. Så fekk vi avslutte med “Deilig er jorden” , og vi ønskte kvarandre god jul.
Turid Samset,ref.