Bø pensjonistlag – årsmøte

Bø pensjonistlag

hadde årsmøte på Frivilligsentralen tysdag 6. febr. Ein  stor flokk  pensjonistar møtte.  Solveig Brekke ønskte alle velkommen og vi starta vi med ein sang. Tone Sæther hadde ord for dagen, ho las eit dikt av Sigrid Torgrimsen som heitte ”Å vera tru.” Frank Moskar las opp namna på medlemmene våre som gjekk bort i 2017, og vi mintest dei stilt med takk.

Solveig Brekke vart valt til å leie årsmøtet og Berit Sørbø til referent. Turid Samset las opp årsmeldinga. Laget har no 91 medlemmer. I 2017 hadde vi 9 møte, i tillegg vart det arrangert tur Slåttahagen i Eikjabygda i juni. – Årsmeldinga vart godkjent.

Rekneskapet vart lese opp av vår dyktige kasserar, Per Kristian Halle. Rekneskapet i år viste eit stort overskot.  Budsjett for 2018 vart lagt fram, og både rekneskap og  budsjett vart godkjent. Den lokale kontingenten for 2019 vart vedteken å vere kr. 80,-, same beløp som i år.

Val: Per Kristian Halle la fram valnemnda sitt framlegg: Styret: Turid Samset, Per Kristian Halle, Berit Sørbø og Kai Marum. Vara: Bjarne Alvestad og Borghild Mæland. Det har ikkje lukkast å finne nokon som vil vere leiar.

Valnemnd: Borghild Mæland og Gunvor Fossheim. Revisor: Borghild Mæland. Framlegget vart vedtatt.

Turid Samset takka Solveig Brekke som sluttar som formann, og både ho og dei som gjekk ut av styret og matkomiteen fekk blomar.

Etter årsmøtet smaka det godt med karbonadesmørbrød. Før bløtkaka vart servert fekk vi underhaldning ved Kai Marum. Han spela gitar og song mange viser, og innimellom las han små dikt. Ein god prat vart det også tid til før utlodninga.  Som vanleg vart møtet avslutta med to vers av Fagert er landet.

Ref. B.S.

Thank you for your upload