Tysdag 10. jan. hadde Bø pensjonistlag møte på Frivilligsentralen. Sjølv om det regna og vegane var svært glatte var det ein stor flokk som møtte fram. Formannen, Solveig Brekke, helsa alle velkommen og godt nytt år. Etter eit par fellessongar var det god trim ved Frank Moskar.
Så kunne Ulf Vege få ordet. Han viste lysbilete og fortalde om urfolk i det sørlege Afrika. Han hadde vore i Botswana, i Kalahari-området. Der lever Sanfolket, dei som tidlegare vart kalla buskmenn. Dette er ei spesiell folkegruppe, som også vert kalla kobbermenneske fordi dei er mykje lysare i huda enn andre folkegrupper i Afrika. Sanfolket har sett mange spor etter seg ved fargeteikningar på berga i området. Vi fekk sjå mange eksempel på det. Det var særleg bilete av mange slag dyr dei hadde teikna. Sanfolket er svært fattige, m.a lagar dei smykke av strutse-eggeskall og sel desse for å livberge seg. Dei bur i små stråhytter. Folket er ikkje organisert med kongar eller andre leiarar, dei lever saman i familiegrupper.
– Så var det tid for kaffe og julekake – som smaka godt. Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med 2 vers av Fagert er landet.