Lyst på livet – livskafé – der nye muligheter kan vokse fram

Referat frå arbeidet så langt.

Vi er ei gruppe på åtte som har starta opp Lyst på livet. Vi er to sirkelleiarar Anne Grete Berge og Anne Løhaugen. Sirkelleiarane er en del av gruppa. Til nå har vi hatt tre møter. Vi har møte siste tysdag i månaden frå kl. 11.00 – 13.00. Første møtet var å bli kjent og lage rammer for korleis vi ville ha det.

Andre møtet var ved brannvesenet, to dyktige formidlarar frå etaten ga nyttig informasjon om korleis ein kan trygge seg i heimen, og kva ein må gjere om uhellet er ute. Nyttig og god formidling var den unisone meininga etterpå.

Tredje møtet var nå nyleg, 31. januar, da hadde vi besøk av ein apotekar. Temaet var trygge medisinar. Mange spørsmål kom fram. Godt å ha fagfolk til å gje svar. Alle var aktive med  spørsmål, og vi gjekk klokare heim.

På fjerde møtet som blir siste tysdag i februar skal vi ha om god og næringsrik mat. Då tar vi turen til Nordagutu til den avdelinga som arbeider med mat og matvaner, og får vite om korleis ein kan legge opp kosthaldet. Kanskje ein ikkje orker så mykje mat, men desto viktigare er det at det ein et inneheld dei næringsstoffa ein treng.

Andre tema som kjem seinare er fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og eventuelle andre område ein vil ha meir kjennskap til.

Vi har planar om å starte ei gruppe til i vår. Deltakarane har sagt meir enn ein gong at dette er bra, dette burde mange fleire få oppleve.

Anne Løhaugen

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 10. jan. hadde Bø pensjonistlag møte på Frivilligsentralen.  Sjølv om det regna og vegane var svært glatte var det ein stor flokk som møtte fram. Formannen, Solveig Brekke, helsa alle velkommen og godt nytt år. Etter eit par fellessongar var det god trim ved Frank Moskar.

Så kunne Ulf Vege få ordet. Han viste lysbilete og fortalde om urfolk i det sørlege Afrika. Han hadde vore i Botswana, i Kalahari-området. Der lever Sanfolket, dei som tidlegare vart kalla buskmenn. Dette er ei spesiell folkegruppe, som også vert kalla kobbermenneske fordi dei er mykje lysare i huda enn andre folkegrupper i Afrika. Sanfolket har sett mange spor etter seg ved fargeteikningar på berga i området. Vi fekk sjå mange eksempel på det. Det var særleg bilete av mange slag dyr dei hadde teikna. Sanfolket er svært fattige, m.a lagar dei smykke av strutse-eggeskall og sel desse for å livberge seg. Dei bur i små stråhytter. Folket er ikkje organisert med kongar eller andre leiarar, dei lever saman i familiegrupper.

– Så var det tid for kaffe og julekake – som smaka godt. Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med 2 vers av Fagert er landet.

 

Bø Pensjonistlag – førjulsfest

Tysdag 6.des kom vi alle inn til ein fantastisk pynta sal på Bø Frivilligsentral: To langbord med raude dukar, kvite lys og planter m.m, alt stelt i stand av Ada Moskar. 45 personar hadde bestilt god julemat og fest, og det vart det! Leiaren vår, Solveig Brekke, i raud kjole og nisselue, let oss åpne med å synge : Det lyser i stille grender, og då var vi klar  for varm julemat frå Årnes. Etter mat og god prat var songarane våre frå Melum,Klara Hansen og Torbjørn Steinhaug, på plass. Han spelte trekkspel og ho song solo, men dei song også mykje saman. Eige lydanlegg hadde dei rigga til. Det var ei stor oppleving å høyra dei to. Det vart mange songar frå vårt fylke, frå vår barndom og sjølvsagt aller mest ulike julesongar,  f.eks Trygve Hoff sin kjende song frå “Jula der nord”. – Så vart det kaffi og småkaker, det høyrer med.  Tone Sæter greip ordet og takka for ein så fin fest. Ei fruktkorg som vi alle fekk lodd på, vart trekt. Den vart så fortent vunne av Solveig Brekke.Så avslutta songarane med “Julenatt i Narjord”,siste lina var:”Stjerna viser veien hjem ,til vårt hjertes Betlehem”.Leiaren vår minna om neste møte som blir andre tysdag i januar. Så fekk vi avslutte med “Deilig er jorden” , og vi ønskte kvarandre god jul.

 

Turid Samset,ref.

Gåtur kvar onsdag kl 11:00

gåturFrammøtestad er hovudinngangen til Gullbring kulturanlegg.
Vi går ein tur i om lag ein time i roleg tempo.

Etter turen er det kaffi og ein prat for dei som ønskjer det.

Vi tar ein tur ut – enten sola skin eller det regner.

Bø pensjonistlag – referat frå møte 01.11.16

Møte i Bø pensjonistlag

Tysdag 1. nov.  var ein stor flokk  pensjonistar samla til møte på Frivilligsentralen. Solveig Brekke helsa alle velkommen, og etter ein fellessong fekk formannen i Eldrerådet i Bø, Anne Løhaugen, ordet. Ho hadde nettopp vore på Eldrerådskonferansen,  ei samling for alle Eldreråda i fylket. Mange aktuelle saker vart tekne opp på konferansen, og ho refererte litt frå dei forskjellige foredraga. Emna var m.a. orientering frå Statens seniorråd, helsefremjande tiltak, aktive eldre, tannhelse for eldre.

Så fekk vi god trim ved Frank Moskar, før Per Kristian Halle viste flotte lysbilete med tema Haustfargar. Før bileta orienterte han litt om fargane på trea, og kvifor lauvet på trea blir gult og raudt. Vi veit ikkje kvifor lauvet blir raudt, men kjølege, fine dagar gjev mest farge. – I USA er det 70 ulike sorter eik, i Europa berre 3. I Nord-Amerika, på grensa til Canada, er haustfargane på trea ein stor turistattraksjon. Det same er tilfelle i Canada og i Japan. I Norge har ca 10% av trea haustfargar, i USA ca 70%. – Per Kristian Halle hadde ein fantastisk fin lysbiletserie, med mykje flotte haustfargar. Det var også musikk til bileta.

Etterpå smaka det godt med kaffe og julekake. Solveig Brekke hadde vore på Reiselivsmesse i Skien, og la fram forslag til turar. Utlodning var det også, og møtet vart som vanleg avslutta med to vers av Fagert er landet.

Bø pensjonistlag – referat møte 04.10.16

Bø pensjonistlag

hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 4. okt. Om lag 30 personar møtte fram.

Turid Samset ønskte alle velkommen, og gav så ordet til Anne Grete Berge som orienterte om prosjektet ”Lyst på livet.” Prosjektet er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen i Bø, Frivilligsentralen, Bø Røde Kors og Eldrerådet. Det er nå starta opp med trim på Frivilligsentralen på onsdagar kl. 11,00 – 11,45, og kaffe etterpå i kafe Anno. Det skal også bli sett i gang ein studiesirkel der temaer er fysisk aktivitet, sosial aktivitet, mat og helse og risiko.

Foredragshaldar på møtet var pensjonert lege Halvor Langåsdalen. Han hadde mykje interessant å fortelje og byrja med å snakke litt om sin barndom. Han voks opp på ein liten veglaus gard i Hjartdal, der dei var 6 sysken. Det var små kår, men han hadde ein god og trygg barndom. Så fortalde han litt om personlegdomar – eller originalar – som han hadde møtt  og som hadde mykje livsvisdom å formidle. Som lege hadde han opplevd at alle menneske er interessante. Ein gong hadde han besøkt ein pasient. Dei hadde snakka saman, og då Langåsdalen skulle gå sa pasienten: ”Takk for at du berika meg!” Det hadde Langåsdalen aldri gløymt.

Så las han nokre dikt av Jakob Sande som viste breidden i diktinga hans, han skreiv både salmer, vare og fine dikt, og dramatiske og groteske dikt. Eksempel er salmen Det lyser i stille grender og diktet Ormeljod. Til slutt las Langåsdalen diktet Den annsame av Jan Magnus Bruheim og Å vera i livet av Halldis Moren Vesaas.

Vi vart alle berika av foredraget til Halvor Langåsdalen!

Etterpå smaka det godt med kaffe og litt å bite i. Ein god prat vart det også tid til før  utlodninga. Som vanleg vart møtet avslutta med to vers av Fagert er landet.

 

Thank you for your upload