Evjudalen er ein flott arena for korte og lange rusleturar i eige tempo.
Området har sitteplassar og aktivitetsplassar.
Det er laga mange gode turvegar i Evjudalen. For dei som ønskjer ein lengre tur, ligg det til rette for det i nærområdet.
Etter turen er det sosialt samvær i Gullbring kl. 12.00.
Alle er velkomne!

Overrekking av sjekk frå Sparebankstiftinga lørdag 20. oktober.
Aktivitet og sosialt samvær er viktig. Kvar mondag kl. 17.30 – 19.00. møtest me i Gullbring Kulturanlegg for å spele volleyball. Her er det fritt for prestasjonsangst, så viss du har lyst på litt trim og mykje glede, er du hjarteleg velkommen.