Bø pensjonistlag hadde møte på Frivilligsentralen tysdag 3. okt., og mange forventningsfulle pensjonistar hadde møtt fram. Solveig Brekke helsa alle velkommen, og etter eit par fellessangar fekk Ulf Vege ordet.
Emnet hans var orkidear. Han kåserte samtidig som han viste mange veldig flotte lysbilete av blomane. Det finst mange tusen forskjellige orkidear i alle fargar, i Noreg er det ca 30 arter. For å vekse og trivast må orkideane ha kalkhaldig jord. Når dei blømer forandrar dei seg heile tida, frå liten knopp til fullt utsprungen blome. – I Jamtland i Sverige er det veldig mange orkidear, dei veks på myrar og vått lende.